ALTERNATIV: Det finnes fortsatt et alternativ til ny firefelts motorveg, skriver Arvid Gjæringen, SV og Naturvernforbundet i dette leserinnlegget.

Ny E16 – slankare, billegare og grønare?

Eit viktig E16-styremøte nærmar seg. Raumnes er opptatt av kven som vil ha motorveg i eigen hage og kven som er villig til å sette eigne kjepphestar til sides for høgare mål. Les motorveg etter Nye Veier sine kriterium.

Og her finst nokre villige lokale partilag som vil ha alternativ CN. Dei forfølgjer sentrale partifellar sine litt falma prosjekt frå 2016: Ein nasjonal transportplan der standarden var firefelts motorvegar med 110 km/t., gjennomført av eit nytt AS som skulle erstatte Statens Vegvesen og på sikt all politisk styring. Koste kva det koste ville.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og så finst det eit politisk fleirtal som reagerer på fjernstyringa til Nye Veier, men som framleis held fast på motorvegprosjektet gjennom Nes som det einaste saliggjerande for bygda. For natur, bygdeliv og landbruksjord. Problemet er berre å få eit einstemmig styre for noko som dei som sit på pengesekken går imot. Og det som verre er for motorvegforkjemparane: Ingen er heller trygg på at departementet vil gje Statens Vegvesen ressursar til å realisere alternativ AH viss NV seier nei til å finansiere anna enn C. Ikkje var det signala i sommar og aller minst med dei nye statsbudsjett-tonane frå regjeringa.

Men ingen spør om alle steinar er snudd – for å finne ei løysing for å gjere biltrafikken gjennom Nes til å leve med. Raumnes og H/Frp klamrar seg til Nye Veier som til ei overjordisk redning. Fleirtalet trur fullt og fast på at motorveg med fire felt og 110 km etter Solberg-modellen er den einaste farbare vegen. Og begge partane vel å late problema til dei som bur langs dagens nedslarva veg, vere sanningsvitne for korleis vegspørsmålet skal løysast. I staden for å sjå nærare på dei faktiske trafikk-ulukkene på heile vegnettet, slik t.d. Lars Terje Hellum gjer i eit innlegg i avisa 3. september.

For alle veit at eitt alternativ i første omgang dels blei tidd i hel, dels latterleggjort og seinare utsett for omfattande kritikk frå fleirtalet og Nye Veier – utan å bli følgt opp som eige alternativ – trass i framlegg frå lokale aksjonsgrupper i bygda, frå naturvernorganisasjonar lokalt og nasjonalt, frå eit lite mindretal i kommunestyret og i E16-styret frå ordføraren i Ullensaker. Vi snakkar om NullPluss-alternativet. Det som inneber oppgradering av dagens E16 med forbikjøringsfelt (2/3 felts veg), midtdelar, breiare vegskuldrar, omfattande støydemping, færre påkjøringspunkt med tilhøyrande samlevegar og alternative løysingar ved einskilde sentrale bustadområde.

Det er enno ikkje for seint å snu. Alternativet NullPluss som 2/3 felts veg er i alle fall eit reelt alternativ som både er meir i takt med transportbehova i eit langsiktig meir bilgjerrig, naturvennleg og matjordopptatt samfunn – og betre tilpassa dei økonomiske realitetane i ei tid etter Solberg-regjeringa sine storslåtte motorvegplanar. Kan hende kan fleire motorvegvener enn E16-styret få ein nasestyvar i tida som kjem? Og bli tvinga til å sjå seg om etter ei enklare, slankare, billegare og grønare vegløysing gjennom Nes.

Arvid Gjæringen, medlem i Naturvernforbundet og SV