Foto: Thomas Frigård

«Elefanten i rommet»

Når no i desse dagar formannskapet i Nes og dei tre andre E16-kommunane får framlagt konsekvensutgreiinga frå Nye Veier, må det vere med ein beisk bismak. Ja, ei pinleg innsikt i at noko viktig manglar og har mangla heile vegen frå Nye Veier fekk hand om Ny E16. For dei fire formannskapa sine medlemmar har ikkje sagt noko om saka, ikkje kravd at det måtte med i utgreiingane. Sjølv om saka har blitt sterkt aktualisert dei siste vekene. Og sjølv om saka rett forstått set heile Nye E16 i eit nytt lys.

"Den tause majoritet"

Eg tenkjer sjølvsagt på forholdet mellom Kongsvingerbanen og Nye E16. Aktualisert i Konseptvalutgreiinga frå november. Ikkje med eit einaste ord i alle dokumenta frå Nye Veier snakkar ein om jernbanen som ein jamnbyrdig konkurrent til dagens veg eller eit alternativ til ein ny motorveg. Det er så frekt at ein kunne skrike.

Men det frekkaste er alle dei folkevalde i dei fire kommunane som ved å teie, har gitt omgrepet "den tause majoritet" ei ny meining.

Motorveg eller dobbeltspor?

Når så formannskapet i Nes like før fristen gir seg sjølv høve til å diskutere KVUen for Kongsvingerbanen, så støtter dei sjølvsagt innstillinga for K2.3 og K5. Noko mindre ville vore for oppsiktsvekkjande. Dei vil jo gjerne jernbanen vel. Den skal få både lengre kryssingsspor og lengre tog.

Men dei slår seg sjølve på munnen i same slengen.

For verken dei eller dei tre andre formannskapa seier det minste - etter det eg veit - om samanhengen mellom jernbaneutbygginga og motorvegen. Slik set dei arbeidet for motorvegen framfor utviklinga av banen. Og alle veit at med ny motorveg er grunnlaget for å fornye Kongsvingerbanen borte.

Jernbanen - eit berekraftig alternativ

Så no skal lokalpolitikarane i regionen drøfte konsekvensutgreiinga for motorvegen til Nye Veier. Men utan å vurdere den avgjerande innsikta i KVUen: Berre ei stegvis utvikling mot dobbeltspor på Kongsvinger-banen - K3.4 altså - kan ta vare på alle samfunnsmåla som finst for transportsystemet i vår region. Dette er det einaste tiltaket som på ein berekraftig måte kan ta vare på transportbehova både for gods og personar som Nye Veier byggjer luftslottet om 4 felts motorveg med 110 km/t på. Og nettopp derfor er dette det avgjerande argumentet for at dagens veg står seg som alternativ til motorvegen - NullPluss.

Keisaren er naken

Nei, dei same politikarane går til orienteringa om konsekvensana av motorvegen - utan å stille krav om at Kongsvingerbanen må vere ein del av vurderingsgrunnlaget. For Nye Veier har heile tida vist at dei ikkje ser dette som si oppgåve. Og politikarane tutlar etter - for motorveg vil dei ha. Og vi andre må finne oss i å sjå at det ikkje berre er Nye Veier som går bukselaus omkring.

Arvid Gjæringen,

Medlem i Nes SV og Naturvernforbundet i Nes

Artikkelen fortsetter under annonsen.