E16: E16 mellom Stein og Neskollen Foto: John Arne Paulsen

E16 - Klartekst såre etterlengta

«Er eg den einaste som opplever Raumnes si dekning av tematikken som upresis og – ja kanskje tendensiøs?», spør Franz-Josef Lindemann i dette leserinnlegget.

Sidan debatten kring trasévalet for E16 tok fart for tre år sidan, har Raumnes på upåklageleg vis gitt rom for alle syn i sakskomplekset gjennom leserbrev. At redaktøren ved fleire anledningar har vist sin sympati for veg i korridor C (t.d. Raumnes 12.02.2019 og 08.03.2021) og også stilt seg tvilande til om kommunen bør ha planmyndigheit i prosjekt av nasjonal relevans (Raumnes 08.02.2020), er hans gode rett, og det får vi tole. Men er eg den einaste som utover det opplever Raumnes si dekning av tematikken som upresis og – ja kanskje tendensiøs? Faren for at staten vil kunne gripe inn i planarbeidet forklarast med usemja mellom dei fire involverte kommunane. Men kor stor er denne usemja verkeleg? Kva går den ut på? Og framfor alt, kva går den ikkje ut på?

Iføljge Raumnes av 15.01.2022 manifesterer usemja mellom kommunane seg i at Ullensaker har sagt nei til korridor A, at mange i Nes er imot korridor C og at Nye Veier ikkje er innforstått med korridor F. Det siste er nok avgjerande, men det beskriv ikkje usemja kommunane seg i mellom. Her blir det konstruert større motsetnadar enn som sant er. Det ville vere oppsiktsvekkjande om det at Ullensaker tilbakeviser trasé A, og eit eventuelt nei til trasé C i Nes (og Sør-Odal), vil vere grunn nok for staten til å overstyre kommunane, når ingen av dei elles går imot trasé F. Raumnes burde ikkje selje oss Nye Veier sin motstand mot korridor F som intern strid i det interkommunale samarbeidet. Å framstille det slik er villeiande, og forstemmande.

Med nebb og klør kjempar Nye Veier mot det å realisere den vegen som Stortinget gav dei i oppdrag å byggje. I staden for å starte med fullføring av strekninga Nybakk-Slomarka, klarte dei å få den førre regjeringa til å akseptere alternative traséar. Det er denne prosessen som forlengst hadde fortent ei journalistisk saumfaring.

Etter høyringsrunder, styremøtereferat, omtalar og debattinnlegg i media, og etter presentasjonar på såkalla folkemøte, burde det no vere tilstrekkeleg klart for alle at Nye Veier ikkje er til for kommunane sitt ve og vel. For Nye Veier går oppdraget ut på å fullføre Europaveg 16 som ein stamveg mellom Vestlandet og Sverige. Kommunane er i den samanhengen lite anna enn irritasjonsfaktorar. Angivelege fordelar for kommunane med den vegen Nye Veier så iherdig prøver å presse gjennom, er spekulative påstandar (t.d. om næringsvekst) og lite meir enn lokkemat for å få dei med på laget. For kommunane må – til Nye Veier sitt besvær – involverast sidan dei normalt sett har siste ordet i saka.

Vegen via elvemøtet og tett forbi Årnes sentrum tener sikkert Nye Veier sitt overordna formål, men slettens ikkje kommunen. I Nes vil den ha direkte øydeleggjande effekt der den går, medan der den faktisk er ønskt å ha ein effekt, nemleg ved industriområdet på Herbergåsen, vil den glimre med sitt fråver. Tungtrafikken derifrå skal etter Nye Veier sin nonsjalante plan også i framtida gå på dagens veg via Opaker og Vormsund til Nybakk. Og odølingane i både sør og nord vil sitje med skjegget i postkassa. Dei vil gjerne ha ny veg, men med Nye Veier sin snorrette snarveg mellom Nes og Kongsvinger får dei ingenting, verken ny eller oppgradert gamal veg. Det siste er ikkje del av Nye Veier sitt budsjett, dvs. det får i så fall fylket ta seg av.

Med krav om tryggare trafikk aust i bygda vil redaktøren i Raumnes ha fortgang i E16-utbygginga (Raumnes 17.12.2021). Tal for trafikkutviklinga slik dei kjem fram i Nye Veier sin temarapport "E16 Kongsvinger – E6 Trafikkanalyse - Trafikale konsekvenser" viser at med vegen i korridor C vil trafikken mellom vormsundbrua og fylkesgrensa i aust godt og vel halverast, medan det med vegen i korridor F blir trafikken redusert med ca. 87%. Desse tala, gode redaktør, talar ikkje for C, men for F.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er til syvande og sist kommunane som godtar eller avviser den traséen som blir igjen etter silingsprosessen. Derfor er det for defensivt å seie at ein kjenner seg som gissel av Nye Veier (Raumnes 28.09.2021). Det gav eit visst håp å sjå ordføraren nyleg slå fast at kommunane ikkje er i lomma på Nye Veier. No gjeld det å vise det. Det meir eller mindre openlyse forsøket på utpressing frå Nye Veier si side må tematiserast på ein proaktiv måte, dvs. ikkje berre lokalt. Det må gjerast klinkande klart kven som faktisk vil vere ansvarleg dersom prosjektet skulle skrinleggjast også denne gongen. Ingen av dei involverte kommunane har sett ein stoppar for det som Stortinget gav i oppdrag. Tvert om er det framleis eit uttrykt ønske å få vegen Nybakk-Slomarka ferdigstilt. Det er Nye Veier som endra planane og som har manovrert prosjektet inn i ei hengemyr. Kommunane kan vise til at dei heile tida har vore samarbeidsvillige og positive til det opphavlege prosjektet. Det er Nye Veier sitt ansvar om vegen ikkje blir realisert. Få no endeleg slått dette fast overfor dei som har styresmakt, at skulle staten verkeleg tvinge gjennom Nye Veier sin favorittveg, så vil staten faktisk overprøve det den i utgangspunktet sjølv gav i oppdrag.

Franz-Josef Lindemann, Årnes